Kamerun er landet som arrangerer, ca 40 PL-spillere vil delta.
Datoer:
January 9 - AFCON group stage starts
January 20 - AFCON group stage ends
January 23 to 26 - AFCON last 16
January 29 and 30 - AFCON quarter-finals
February 2 and 3 - AFCON semi-finals
February 6 - AFCON final and third-place play-off
https://www.cafonline.com/
Sky sender samtlige kamper btw.
Africa Cup of Nations 2022
Å sjå AFCON er nesten som å sjå VM-kampar på 80-talet. Spelarar med eksotiske namn som eg aldri har sett eller høyrt om før. Spennande med Kapp Verde-øyene, som har levert gode VM-kvalifiseringer, til tross for sitt beskjedne folketal. United har også hatt fire spelarar med aner frå dei vulkanske øyene i Atlanterhavet: Bebé og Nani, Evra (kappverdisk mor) og Henke Larsson (kappverdisk far). Eg trur 'Blåhaiane' blir mitt lag i mesterskapet.
post liked by: Blodfink, Pink Final, Pwint, Belfastboy
It's Squeaky Bum Time!
Ny kampdag i AFCON. Toppkampen er nok mellom Marokko og Ghana, men den siste kampen i dag er den mest interessante. Komorene har kvalifisert seg for det første mesterskapet i øystaten si historie. 'Kvastfinnefiskane' må nok finne seg i å vere underdogs i kampen mot Gabon, men 'Pantrane' må klare seg utan kapteinen og talismanen Pierre-Emerick Aubameyang, som har kovidifisert seg.
Personleg er eg spent på om den legendariske Ali Ahamada (ex-Brann og Kongsvinger) får stå i mål.
Personleg er eg spent på om den legendariske Ali Ahamada (ex-Brann og Kongsvinger) får stå i mål.
post liked by: Pwint, Belfastboy, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
-
- Manchester, football, music, fashion, industry, history
- Posts: 9832
- Joined: 03 Aug 2018, 21:11
- Liker gitt: 39517
- Liker mottatt: 29562
Takk for aperitiff’ene du legger ut @Pancho P.
Vekker nyskjerrigheten, både for cupen og for lagene.
Leste meg opp om Kapp Verdes landslags historie etter å ha blitt inspirert av din post i går.
Og Komorene, spent på hvordan de klarer seg
Vekker nyskjerrigheten, både for cupen og for lagene.
Leste meg opp om Kapp Verdes landslags historie etter å ha blitt inspirert av din post i går.
Og Komorene, spent på hvordan de klarer seg
post liked by: Pancho P
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Hyggeleg å høyre, @Pink Final
Eg har alltid hatt ein soft spot for underdogane i alle mesterskap og turneringar. Grunnen er heilt sikkert dei fantastiske VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad, som trollbandt ein ung pode på 80-talet. Aldri har vel fotball vorte formidla med så mykje kjærleik og innleving. I tillegg var bøkene spekka med historie, politikk og samfunnskunnskap.
Favoritten min var tusenkunstnaren Michelet, som tok side med laga frå Sør-Amerika og Afrika. Solstad var den anglofile og rasjonelle. Til saman skapte dei litteratur som eg meiner er blant det beste som er skrive her til lands, uansett sjanger.

post liked by: Pink Final
It's Squeaky Bum Time!
Enig. Fin måtte å følge litt med, @Pancho P. (R
imet visst også.
)
Lurte litt på hvor Amheda ble av. Fikk jo en del godord i starten av Brann-karrieren, men ble "plutselig" borte. Han var vel litt (for?) uortodoks i stilen.
imet visst også.
Lurte litt på hvor Amheda ble av. Fikk jo en del godord i starten av Brann-karrieren, men ble "plutselig" borte. Han var vel litt (for?) uortodoks i stilen.
post liked by: Pancho P, Pink Final
Alltid artig med underdogs. (Unntatt når de møter Man.United da.) Helt klart. Husker bl a Kamerun som gjorde det veldig bra en gang i tiden.Pancho P wrote: ↑10 Jan 2022, 19:04 Grunnen er heilt sikkert dei fantastiske VM-bøkene til Jon Michelet og Dag Solstad, som trollbandt ein ung pode på 80-talet. Aldri har vel fotball vorte formidla med så mykje kjærleik og innleving. I tillegg var bøkene spekka med historie, politikk og samfunnskunnskap.
Anerkjente og gode forfattere disse. Uten å bli helt "bokbad" her, så ser jeg nok Michelet som noe lettere tilgjengelig enn Solstad. Veldig gode Fotball-VM bøker fra dem, har det vært - helt klart! Jeg husker nok likevel aller best at Jon Michelet kalte Frankrike for "parfymert frøkenfotball" - falt nok den gangen frankofile meg, tungt for brystet.

Burde jo være noen type 1. Divisjon/League 1 lag som kunne nytte seg av han.
post liked by: Pancho P, Pink Final
Ikke et bra tegn at Mejbri ble byttet ut ved pause i Tunisias kamp. Spørs om han starter neste kamp da.. 
Noen som så kampen? Fra den korte kommentaren på united.no, så høres det ut som dommeren var en skandale.

Noen som så kampen? Fra den korte kommentaren på united.no, så høres det ut som dommeren var en skandale.
post liked by: Pink Final
Eg såg ikkje kampen, men ifølge BBC var Tunisia langt frå fornøgd med den zambiske dommaren. Han la til 0(!) minutt ved full tid, sjølv om det både hadde vore VAR-sjekk, drikkepause og spelarbyte. Som om ikkje dét var nok, prøvde han å blåse av kampen 5 minutt før full tid. Tippar han har dømt sin siste kamp i turneringa...
post liked by: red, Pink Final, Blodfink
It's Squeaky Bum Time!
-
- Manchester, football, music, fashion, industry, history
- Posts: 9832
- Joined: 03 Aug 2018, 21:11
- Liker gitt: 39517
- Liker mottatt: 29562
«Som fortsatt er i fotballen»Pangaea wrote:12 Jan 2022, 16:23 hvor mye korrupsjon/gambling som fortsatt er i fotballen.
Ønskelig om korrupsjon var på vei ned.
Påstand: Tipper korrupsjon er et økende problem. Det blir verre, dessverre.
post liked by: Pancho P, Blodfink
Football Pink Final, Manchester’s saturday Pink - 1904-2000
Det var visstnok bisarre situasjonar begge vegar, så vi får håpe at herr Sikazwe berre hadde ein stinkar. Toppen på kransekaka var at laga vart beordra på bana igjen då Mali sin trenar var godt i gang med pressekonferansen etter kampen. Tunisia hadde (forståeleg nok) fått nok farse for dagen og dukka ikkje opp for å spele dei siste minutta. Football bloody hell!
Edit: Det er ikkje rart om korrupsjon er utbreidd i fotballen når også det internasjonale fotballforbundet har vore gjennomsyra av korrupsjon i alle år. Det er vel berre IOC som har hatt fleire svin på skogen i sportsverda.

post liked by: Pink Final, Blodfink
It's Squeaky Bum Time!
Det er lov å synest synd på Komorene. Laget har eit svært Covid-utbrot i troppen og seks spelarar er uaktuelle for åttendedelsfinalen mot vertsnasjon og storfavoritt Kamerun.
To av keeperne til øystaten i Indiahavet har vore koronasmitta, men ex-brannkeeper Ali Ahamada har no testa negativt. Likevel får han ikkje spele. Den siste keeperen i troppen er ute med skade etter at han vart grisetakla i kampen mot Ghana. Ayew fekk raudt kort i denne duellen. Reglane seier at det kan hentast inn nye spelarar til troppen ved spesielle høve. At ingen av desse tilfella kvalifiserer til å vere "spesielle høve" må kunne seiast å vere suspekt.
Summa summarum må stakkars Komorene stille til kamp så lenge dei kan stille med 11 mann. At ingen av dei er keeper, drit den Afrikanske fotballkonføderasjonen langt i. Om det finst ein fotballgud, ryk vertane på hovudet og ræva ut av turneringa i kveld.
Edit: Venstreback Chaker Alhadhur står i mål. Håpar han overgår seg sjølv i kveld.

post liked by: Blodfink, Pink Final
It's Squeaky Bum Time!