Fullstendig einig med alt du skriv her, @Ryder. Så lenge dei som skal handheve reglane også må utvise skjønn, vil det uansett bli inkonsekvente avgjersler. No meiner eg handsreglane også er heilt på bærtur, men det er ein annan diskusjon.
Det viktigaste kriteria for om VAR og andre nyskapingar i fotballen bør haldast på, bør vere om dei gjer opplevelsen av sporten betre. Og på dette punktet vil eg seie at VAR har vore ein komplett fiasko. Berre det å ikkje kunne juble for eit mål bryt heilt med fotballens grunntanke. VAR fungerer heller ikkje i andre ligaer. Sjå bl.a. på farsen i Ligue 1 så langt denne sesongen.
Nei, skrot VAR og gje dommarane det fulle ansvaret for dømminga. Så får vi heller akseptere menneskelege feil. Det einaste eg vil er å kunne brøle uhemma slik at hunden kryp under stolen med halen mellom beina. Det har ikkje skjedd på fleire år no.
[PL] Everton - Manchester United
-
- Donor
- Posts: 6102
- Joined: 13 Mar 2021, 16:00
- Liker gitt: 27872
- Liker mottatt: 20043
Så enig @Pancho P 
post liked by: Pancho P, Ryder