2. Frå sigarettrøyk til krutrøyk
To årstal var særs viktige for utbreiinga av fotballkortet. Sjølvsagt etableringa av The Football Association (FA) i 1863 og, kanskje noko meir pussig, det første kommersielle salet av sigarettar to år seinare. 1865 er naturlegvis også året då slaveriet blei avskaffa ved lov i USA og produsentane av tobakk og sigarettar måtte tenke alternativt når det gjaldt å produsere store mengder tobakksprodukt til ei stadig meir røyksugen befolkning. John Broom skriv i boka "A History of Cigarette and Trade Cards - The Magic Inside the Packet" at ein driven arbeidar kunne produsere 250 sigarettar i timen, dvs ein samla dagleg produksjon på 40 000 sigarettar pr dag på verdsbasis. Dette var på langt nær nok til å dekke etterspurnaden og det var først med oppfinninga av sigarettpakkemaskina i 1881 at salet av sigarettar verkeleg tok av. Innan utgangen av 1890 vart det laga 4 millionar (!) sigarettar dagleg av dei etterkvart talrike tobakksprodusentane.
Grunnen til at populariteten til sigarettane har noko med fotballkort å gjere er like enkel som den er genial. Før sigarettproduksjonen blei mekanisert og effektivisert, var både sigarettpakkane og innhaldet av det skjøre slaget. For å gjere pakkane meir robuste og for å beskytte dei delikate sigarettane, fann ein av dei store mogulane, James Buchanan Duke, på å legge inn ei lita papplate med reklame for å stive opp pakken, og vips: sigarettkortet var fødd! Det første sigarettkortet som vart laga hadde naturlegvis eit rojalt motiv og heldiggrisen som fekk pryde det var ingen andre enn Marquis of Lorne, dronning Victoria sin svigerson. Ingen veit om regenten sjølv vart spurd, men truleg hadde ho takka nei, då ho i all hovudsak skydde merksemd, moro og unyttig fjas.
Marquis of Lorne, 1879
Sigarettkonsumet skaut til himmels mot 1890-åra og sigarettkorta skal ha sin del av "æra" for at dei mange tobakkskompania tente pengar som aldri før. Som i tilfella med Au Bon Marché og Liebig hadde korta to funksjonar: å reklamere for produktet, men også i stadig aukande grad å sikre "brand loyalty", dvs å sikre seg at kunden heldt seg trufast mot produsenten. Det var ikkje lenger nok å produsere fine kort. No måte kvart tobakksfirma trykke seriar med kort med interessante og eksotiske tema. I tillegg vart antal kort i seriane auka, slik at det blei attraktivt for kunden å fullføre eit sett. Vi kjenner igjen mekanismane frå då vi sjølve samla Panini-merke. Det er lite som er så stussleg som eit album som ikkje er komplett.
Etterkvart som sport blei ein viktigare del av livet til den veksande (og ikkje minst konsumerande) arbeidarklassen og middelklassen, vart det også naturleg at idrettsmenn pryda sigarettkorta. I dei tidlegaste åra var nok cricket den mest utbreidde sporten, både på kort og i samfunnet elles, men både rugby og fotball fekk snart ein sterk posisjon, særleg blant arbeidarklassen og den lågare middelklassen. Ein skal heller ikkje underslå kor viktig sigarettkorta var som kjelde til informasjon for dei lågare samfunnsklassane. I eit samfunn der dei færraste hadde råd til å kjøpe bøker, og der sigarettar var uforholdsmessig billige, var sigarettkorta med på å spreie informasjon og underhaldning til grupper som elles hadde få måtar til å skaffe seg informasjon. Hugs også på at det gjekk mange tiar før avisene vart allemannseige.
Nuvel, vi må pense over på fotballen igjen. Onde tunger (i dette tilfellet den elles særs etterrettelege Gordon Howsden i boka "Collecting Cigarette & Trade Cards") hevdar at det var den Liverpool-baserte tobakksprodusenten Ogdens som var først ute med å gje ut fotballkort på balløya. Internettpublikasjonen Spartacus International presiserer at det var Marcus Kinnear & Company frå Manchester som trykte opp det første skikkelege settet som utelukkande inneheldt fotballspelarar, så nok ein gong må
scousarane sjå seg slegne av
mancunians... igjen. Settet frå midten av 1890-talet heitte "Football Clubs and Colours" og viste draktfargane til 12 av klubbane i England. Berre tre av klubbane (Nottingham Forest, Aston Villa og Sunderland) er profesjonelle klubbar i dag, men vi møter på gamle kjenningar som Corinthians og Casuals, to av våre favorittklubbar her på forumet. I rettferdigheita sitt namn må det nemnast at også dette settet blei utgjeve i Liverpool ettersom fabrikken til Marcus Kinnear i Manchester ironisk nok gjekk opp i røyk før korta kom ut i butikkane. Om du skulle snuble over eit enkeltkort frå "Football Clubs and Colours", kan du fort verte 5000 kroner rikare.
I 1900 gav Cope (også frå Liverpool) ut eit gigantisk sett med over 500 kort som heitte "Noted Footballers", men sjølv etter dagar med leiting har eg ikkje funne fram til eitt einaste eksemplar av ein Newton Heath-spelar. I mi tid som samlar har eg faktisk aldri sett eit einaste kort med ein
Heathens-spelar, bortsett frå dette meir moderne kortet av Caesar Jenkyns, som blei utgjeve i 1998.
Caesar Jenkyns
Då Newton Heath skifta namn til Manchester United i 1902, og ikkje minst då den eksentriske og geniale Ernest Mangnall overtok sjefsstolen på Bank Street, begynte tidene å lysne for den hittil trofélause klubben. Mangnall utnytta ei enorm kampfiksingsskandale hos naboen Manchester City til å hente fleire av City-spelarane som fekk kontraktene terminerte, blant andre Billy Meredith og Sandy Turnbull. City var også skulda for å overbetale spelarar og manageren til City, Tom Maley, blei utestengt på livstid. Vi får sjå om dei lyseblå slepp billigare unna 120 år seinare.
United vann det første ligagullet sitt i 1908 og følgde opp med sin første triumf i FA-cupen året etter. I 1911 vann klubben ligaen igjen, mykje takka vere den walisiske kapteinen Meredith og den storscorande skotten Turnbull. Dette kortet blei utgjeve av Ogden's i serien "Famous Footballers" i 1908:
Billy Meredith, 1908
Desse korta frå serien "Prominent Footballers", blei utgjevne av londonbaserte Taddy's i 1907. Settet blei trykt opp att av Nostalgia Reprints og inneheld 15 United-spelarar, blant andre Meredith, Sandy Turnbull og den knallharde forsvarsspelaren Charlie Roberts, som bl.a. blei United sin første engelske landslagsspelar.
I 1907 gav Cohen Weenen frå London ut settet "60 Football Club Captains", med nemnde Roberts som representant for United, mens Gallaher frå Belfast verkeleg slo på stortromma med eit sett med 100 kort av britiske spelarar i 1909-10, igjen med hardhausen Roberts i hovudrolla.
I 1912 reiste Ernest Mangnall frå Manchester United og tok på kontroversielt vis over naboen City. Sjølv om United hadde flytta inn på det flunkande nye Old Trafford i 1910 og hadde nytt stor suksess dei siste åra, gjekk det raskt nedover. Interessa for sigarettkort heldt seg rett nok stabil og det var ikkje uvanleg å sjå unggutar henge ved tobakkssjappene for å tigge kort frå dei vaksne som berre var ute etter sigarettar. Vidare må det nemnast at sjølv om sirkulasjonen og utbreiinga av avisene hadde auka enormt etter 1900, og omtalen av fotball og anna sport hadde nærmast eksplodert, var det ikkje vanleg med bilete og illustrasjonar i avisene. Fotballkorta dekka dette behovet.
Det var heller ikkje berre på øyriket at fotballkorta blei populære. W.D. & H.O. Wills frå Bristol hadde mange fabrikkar i England, men det vart også produsert sigarettkort på selskapet sine fabrikkar i India, her under namnet "Scissors". Dette kortet er frå settet "Football Team Colours" og var mynta på dei utstasjonerte britiske troppane i India.
1914-15 sesongen var ein grusom sesong for Manchester United. Urokråka og valdsmannen George "Cocky" Hunter (som eg har kalla United sin verste kaptein gjennom tidene) var meir interessert i å bryte reglar og bein enn å spele fotball og den store kampfiksingsskandalen i kampen mot Liverpool, då spelarar frå begge lag seinare blei utestengde på livstid (bl.a. Sandy Turnbull), overskygga en elles elendig innsats i ligaen. Til slutt hamna laget på 18. plass av 20 lag. Denne sesongen var det likevel berre eitt lag som skulle rykke ned (Tottenham), men som vi alle veit vart det nedrykket akademisk. Frå og med sesongen etter blei all ligafotball innstilt i fire år og mange av spelarane måtte byte ut fotballstøvlar med militærboots.
Eitt av dei siste kortsetta før den første verdskrigen braut ut, vart publisert av Churchman's frå Ipswich i 1914. Det heitte enkelt og greitt "Footballers" og er blant dei vakraste som nokon gong er produserte. United sin representant på desse korta er George Wall, goalgetteren som måtte ut i strid saman med bror sin kort tid etter at han vart avbilda på det vakre sigarettkortet. Papir vart rasjonert og all produksjon av "unyttige" sigarettkort vart stansa til fordel for produksjon av patronesker. George overlevde The Great War, men broren Thomas kom aldri tilbake.
George Wall, 1914
post liked by: 10Hag, Rød Pølse, RedTrafford, Pink Final, Buchan, Belfastboy, alfen74, Can2